Ål skiskytterlag vart stifta i 1984 og har i dag 130 medlemmer.
Av desse er om lag 50 under 20 år, og dei fleste er aktive skiskyttarar.
Bruk av våpen er ein viktig del av skiskyting, og alle medlemmer må difor alltid ha fokus på sikkerheit under trening og renn. Sikker handsaming av våpen betyr alt!
Det er difor naturleg at me også fokuserer på sikkerheit i trafikken, og me er glade for å kunne delta i denne kampanjen. Våre medlemmer reiser mykje. Både til og frå treningar og ikkje minst på mange renn rundt omkring i heile Sør-Noreg.
Ål skiskytterlag arrangerer også verdas største skiskyttarrenn. Som sesongavslutning deltek 1000 skiskyttarar under Bendit Liatoppen skiskytterfestival. Arrangementet samlar deltakarar frå heile landet, og det vert naturleg å fokusere på trafikksikkerheit for alle som reiser til og frå Ål i samband med dette arrangementet.


Kontaktperson for kampanjen:
Erlend Hagen
erlend.hagen@hallingdolen.no

Buskerud Fylkeskommune © 2011-12 | Innholdsoversikt | Allegro Drammen | Webpublisering og webdesign med Siteman CMS