Idrettslaget blei stifta i 1896 og er eit fleiridrettslag med rundt 1300 medlemmer. De har mange aktive barn og ungdom både innan vinter- og sommaridrett. Aktivitetane er spreidd i heile kommunen. For å komme på trening og annan aktivitet må dei aktive i stor grad være del av eit stort og komplisert trafikkbilete. Det er et stort innslag av gjennomgangstrafikk med store vogntog og mykje turisttrafikk.
Vi ynskjer å være med på trafikksikkerhetskampanjen fordi vi vil at aktive, trenarar og foreldre skal ha bevisste haldningar til trafikken, slik at dei kjem trygt fram og heim att. Våre medlemmer og vårt støtteapparat er det viktigaste og mest verdifulle vi har, og det er eit stort ansvar å ta godt vare på dei.
Magne Øynebråten, styreleiar

Kontaktperson til kampanjen:
Ludvig Munkejord
Mobil: 94877037

Buskerud Fylkeskommune © 2011-12 | Innholdsoversikt | Allegro Drammen | Webpublisering og webdesign med Siteman CMS